Heim med Joni
<h1>Den legendariske artisten kjem heim igjen</h1>
I 1882 utvandra oldeforeldra til Joni Mitchell frå Modalen til Canada. I konsertførestillinga Heim med Joni kjem Joni Mitchell heim att til oss, både tekstleg og musikalsk. Dei kanadiske landskapa er bytte ut med Vestlandet, og saksofonen med hardingfela.
Joni Mitchell har laga mange store hits i si nær 50 år lange karriere som plateartist. Musikken hennar overskrider sjanger og hever seg over merkelapper som pop, rock og vise. Frode Grytten, Agnes Ravatn, Linda Eide, Marit Eikemo og Ragnar Hovland m.fl. har gjendikta nokre av dei finaste songane hennar, og i denne konsertførestillinga får du høyre Joni Mitchell i nynorsk språkdrakt. Du får også høyre historia om dei norske røtene hennar, eventyrleg karriere og dramatiske liv.
Mitchell, som har inspirert artistar verda over, kjem til å bli ståande som ein av dei store i moderne populærmusikk. Ho er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, og musikkmagasinet Rolling Stone kallar Mitchell ein av dei fremste songtekstforfattarane nokosinne.
Konsertførestillinga Heim med Joni såg dagens ljos under Vossa Jazz 2022. Ho har vorte svært vel motteken av publikum, og har sidan spelt for utsolgte hus.
- Heine Bugge – kapellmeister, trekkspel, song
- Sigbjørn Apeland – tangenter, song
- Halvor Folgerø – bass, song
- Annlaug Børsheim – gitar, fele, song
- Kåre Opheim – perkusjon, song
- Sjur Folgerø – gitar
- Åse Britt Reme Jakobsen – song
- Kjersti Mjør – forteljjar
For booking av Heim med Joni kontakt: henriette@stasartist.no / +47 92665516
Bilde: Vossa Jazz + Runhild Heggem
Book Heim med Joni
For booking eller spørsmål, kontakt oss.
Takk for førespurnaden din!
Vi har motteke meldinga di og vil ta kontakt med deg så snart som mogleg.