Kristian Berg Jåtten
Leiken, sjangerbevisst og kritikarrost multitalent
Kristian er skodespelar, songar og humorist opphavleg frå Stavanger. Som fast tilsett ved Den Nationale Scene har han spelt i ei rekke framsyningar dei siste åra, mellom anna Namnet, Kim F, Engler over Møhlenpris, KUK og Vaktmesteren. I 2025 gjorde Kristian også sitt inntog på TV-skjermen som Eskil i TV 2-serien Psykodrama, basert på den populære podkasten med same namn. I 2027 spelar han Judas i stormusikalen Jesus Christ Superstar på Forum Scene.
Kristian har tidlegare vore engasjert ved Rogaland Teater og har mellom anna sett sitt humorpreg i Stavanger gjennom deira tradisjonsrike sommarteater. I fleire år har han drive sitt eige sommarprosjekt Mågå som har vore ein stor suksess i byen, og sommaren 2026 er han igjen å finne i Cornerhagen ved Cornerteateret, med musikk, humorkveldar og familieframsyningar. Vi har også sett han svært opplagt og leiken saman med Tormod Løvold i den morosame og musikalske familieframsyninga Knutsen og Ludvigsen.
Om dagen siglar Kristian opp som ein real storsjarmør på eventhimmelen. Han køyrer både live musikk-quiz (song og gitar) og ikkje minst med sitt pubkor, som slår utruleg godt an alle stader han er. Som musikar og songar har han hatt ei rekke konsertar både i Stavanger og Bergen dei siste åra, der han med piano og gitar set sitt eige akustiske preg på kjende låtar, ofte saman med Ameli Isungset Agbota.
I januar 2020 fekk han Bergen Teaterforenings Rampeløkten for sitt arbeid på scenene i Bergen.
For booking: linda@stasartist.no / 98285108
Book Kristian Berg Jåtten
Linda Pauline Børnes
Manager og produsent
Relevante blogginnlegg
Takk for førespurnaden din!
Vi har motteke meldinga di og vil ta kontakt med deg så snart som mogleg.