Dei nye kapellanane med Finn Tokvam
Dei nye kapellanane er ei gruppe som er prøvd avvikla fleire gonger men som faen ikkje gjer seg. Gruppa speler populærmusikk på nynorsk og vart stifta som husband for Det Norske Samlaget i 1992. Namnet har dei frå Hans E. Kincks novelle «Den nye kapellanen» (1897). Karakteristisk for Dei nye kapellanane sin musikalske profil er den humoristiske koplinga mellom nynorsk tradisjon og moderne rocke- og populærmusikk. No tar dei med seg den nyfrelste ukulisten Finn Tokvam til sesongopning i Baroniet!
Dei nye kapellanane er Ragnar Hovland (ukulele, trekkspel og vokal), Jørn Mortensen (gitar og vokal), Trygve Åslund (gitar og vokal), Lars Fredrik Beckstrøm (bass og vokal), Arnt Maasø (keyboard og vokal) og Håkon Paulsberg (trommer).
Finn Tokvam stiller med ukulele, vokal og ærefrykt for selskapet han har hamna i.
Artist
Datoer & Billetter
Velg dato og kjøp billetter