Finn Tokvam
Humor og skråblikk frå ein sterk vestlandsk røyst
Finn Tokvam kjem frå Flåm i Sogn, men arbeider og bur i Bergen. Han er humorist, kåsør, programleiar, journalist, forfattar og artist, og jobbar i spennet mellom fagjournalistikk og rein underhaldning. Finn blei tildelt Målprisen frå Noregs Mållag i 2008.
Han har 20 års røynsle frå TV i program som P:I:L:S og Radio Røynda på NRK, og har dei seinare åra vore gjest på Nytt på Nytt og fleire gonger i panelet til Brille. Finn har vore spaltist og kåsør i Bergens Tidende, hatt sitt eige talkshow Folk & Finn og er ein velkjend vokalist i populærorkesteret Finn-Erix. I 2005 debuterte han som forfattar med romanen Tyl (Samlaget) saman med Halvor Folgerø. Dei to har også skrive biografien om Ragnar Hovland - Ler dei no så har eg vunne. Finn har dei siste åra skrive fleire tekstar for scenen og teater, og omsett ein rekke songtekstar og verk, mellom anna musikalen Min venn Fascisten. Hausten 2020 debuterte han med sitt første teatermanus Vestland Vestland som vart spelt på Teater Vestland og Det Vestnorske Teatret.
I 2023 gav han ut si første plate Summetonar, saman med Odd-Erik Lothe og Olav Stedje. Hausten 2024 gjekk han endeleg på scenen med sitt første soloshow Velkomen. Framsyninga blei svært godt motteke av både publikum og presse, med terningkast seks i Bergens Tidende.
Finn er svært mykje brukt som kåsør, underhaldar og konferansier både for næringsliv og akademia.
For booking av Finn Tokvam kontakt: linda@stasartist.no / 98285108
Videoar
Galleri
Book Finn Tokvam
For booking eller spørsmål, kontakt oss.
Komande framsyningar
Finn Tokvam- Velkomen
📍 Bergen | Kjøp billettar →
Finn Tokvam // Nynorskens Hus // Oslo
📍 Oslo | Kjøp billettar →
Finn Tokvam // Sogndal Kulturhus
📍 Sogndal
Finn Tokvam // Årdal // Klingenberg (UTSELD)
📍 Årdalstangen | Kjøp billettar →
BASARKONSERT 2026
📍 Bergen | Kjøp billettar →
Takk for førespurnaden din!
Vi har motteke meldinga di og vil ta kontakt med deg så snart som mogleg.