Tine Taule

Tine Taule

Vestlandets ubestridde souldronning

Det var aldri tvil i Tines hjarte kva ho skulle bli når ho vart stor; songarinne. Allereie som 6-åring starta ho sitt eige band, og sidan har ho vore ein markant skikkelse i Bergens musikkjelle i over tre tiår. I 1995 mottok ho den aller første Bergensprisen for Årets Artist.

Som etablert artist har ho opptrådd på dei aller fleste store- og små scener og festivalar i vårt langstrakte land. I tillegg til å gje ut 4 eigne album har ho samarbeidd med ei rekkje artistar på meir enn 40 albuminnspelingar. Ved sida av solokarieren hennar er Tine vokalst og frontfigur i fleire livekonsept, deriblant The Flying Dancing Kings. I 2017 laga ho sitt eige soloshow En sangerinnes bekjennelser, der ektemann og musikalsk makker Kai Taule deltok på scenen. Saman med Christian Øveraas lever denne trioen framleis i beste velgåande.

Tine Taule vert rekna å inneha ein av Noregs flottaste røyster og ho har ein unik utstråling på scena. Ho evnar å skape eit frodig musikalsk univers der stemning står i fokus, og der hennar vokal varierer over eit stort spenn av kjensler - frå det intense, råe og kraftfulle til det meir stillferdige uttrykket.

Ho byr på låtar frå sitt eige repertoar, samt versjonar og arrangement av songar frå andre artistar som Tine har eit nært forhold til. I botnen ligg hennar forkjærleik for sjangrar som gospel, jazz, blues, funk og r&b - men element frå country og pop kan også høyrast i musikken hennar.

Med sin legendariske soulstemme og utstråling på scena garanterer vi at Tine syng opp stemninga!

For booking av Tine Taule kontakt: anette@stasartist.no / +47 90188483

Book Tine Taule

For booking eller spørsmål, kontakt oss.

Takk for førespurnaden din!

Vi har motteke meldinga di og vil ta kontakt med deg så snart som mogleg.

Interessert i ? Send oss ei melding!

Kva er 9 + 8?

Tine Taule
/

Søk

Bli STAS-ven!

Meld deg på nyheitsbrevet vårt og få gode tilbod, eksklusiv tilgang til førpremierar og forsalg, samt siste nytt frå Stas Artist!

Takk for at du abonnerte på nyheitsbrevet vårt!