Jonatan Husøy

Jonatan Husøy

Jonatan er ein allsidig scenekjunstnar med sans for morsame karakterar

Jonatan Husøy er ein frisk og fargerik røyst i den nye generasjonen norske influensarar og komikarar. Med ein skarp observasjonsevne og humoristisk snert, lagar han innhald som treff både hovudet og lattermuskelen – anten det er på scena, skjermen eller i sosiale medium.

Han er sunnmøring, men beherskar eit breitt spekter av dialektar, noko han brukar aktivt både på scenen og i sosiale medium. Under studietida utmerka han seg i studentrevy-miljøet, mellom anna i Medisinerrevyen (2019) og UKENrevyen (2022 og 2024), der han bidrog som skodespelar, songar og tekstforfattar. Han har stor kjærleik for både velskrivne sketsjar og fengande musikalnummer.

I april 2024 starta han mote- og humorkanalen Kanonatan på Instagram og Tiktok, og fekk raskt gjennomslag. Innhaldet hans blir basert på improvisasjon, karakterarbeid og eigen tekst, og med ein tydeleg interesse for mote. Sumaren 2025 reiser han rundt med humorgruppa Dragsug. Saman segler dei frå Oslo til Bremanger og set opp show i ulike hamner langs kysten.

Jonatan har eit unikt blikk på kvardagslivet, og med si ujålete stil og snurrige humor svingar han seg stødig oppover komikarløypa – med publikum på slep og latter i bagasjen.

Foto:Tea Amalvy Blaker

For booking av Jonatan Husøy kontakt: bengt@stasartist.no / +47 97656503

Book Jonatan Husøy

For booking eller spørsmål, kontakt oss.

Takk for førespurnaden din!

Vi har motteke meldinga di og vil ta kontakt med deg så snart som mogleg.

Interessert i ? Send oss ei melding!

Kva er 8 + 4?

Jonatan Husøy
/

Søk

Bli STAS-ven!

Meld deg på nyheitsbrevet vårt og få gode tilbod, eksklusiv tilgang til førpremierar og forsalg, samt siste nytt frå Stas Artist!

Takk for at du abonnerte på nyheitsbrevet vårt!