Frode Grytten Beat Band

Frode Grytten Beat Band

Som å sjekka inn på Beat Hotel ein sur kveld i november og finna eit gjenglemt dikt i lomma

Gjennom dei siste ti åra har Frode Grytten Beat Band tent opp den norske beatpoesi-himmelen med nytolkningar av låtar frå Bruce Springsteen, Tom Waits, Talking Heads m.fl. Ved å kombinera poesi og litteratur med ei sjeldan musikkglede treff Frode Grytten Beat Band ein heilt spesiell nerve, der musikken sin inderlegheit blandar seg med anekdotar, dikt, forteljingar og minne. Frode Grytten Beat Band har vorte skildra som ei poetisk og musikalsk eksplosjon på scena.

Bandet består av Annlaug Børsheim, Pedro Carmona-Alvarez, Michael Barnes, Anders Bitustøyl, Ivar Thormodsæter, Einar Sogstad og Frode Grytten. Det siste året har dei debutert som teatertrupp i den kritikarroste musikalske førestellinga Djevelen og eg (Frode Grytten) på Det Vestnorske Teateret i Bergen.

Frode Grytten Beat Band er godt kjende på landets mange litteraturfestivalar, gjer lukka konsertar og har fast juletradisjon på Ole Bull Scene med Absolutt Juleambivalens, for alle dei som slit med adventstida.

For booking av Frode Grytten Beat Band kontakt: linda@stasartist.no / +47 98285108

Galleri

/

Søk

Bli STAS-ven!

Meld deg på nyheitsbrevet vårt og få gode tilbod, eksklusiv tilgang til førpremierar og forsalg, samt siste nytt frå Stas Artist!

Takk for at du abonnerte på nyheitsbrevet vårt!