Frode Grytten
Suksessforfattar med stor kjærleik for musikk og poesi
Frode Grytten er mest kjend som forfattar og journalist, og har den siste tida markert seg som scenekunstsnar og humorist. Han er ein ettertrakta kåsøyr og musikar, mellom anna som frontfigur i Frode Grytten Beat Band.
Det store gjennombrotet fekk han med romanen Bikubesong frå 1999. Boka er omsett til fleire språk og det er også laga eit teaterstykke basert på boka. Han har vakse opp i industribyen Odda i Hardanger, der handlinga i Bikubesong også finn stad. Frode Grytten har budd i Bergen sidan han byrja å studera som 18-åring. Han var fast tilsett kulturjournalist ei tid i Bergens Tidende, men vart etter kvart forfattar på heiltid. Han har vorte hedra med mellom anna Brageprisen og Rivertonprisen, i tillegg til at han har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris.
I løpet av dei siste åra har han opptrådd meir og meir som scenekunstsnar og har nyleg vore frontfigur i sin eigen teaterkonsert Djevelen og Eg som spelte for fulle hus på Det Vestnorske Teateret i Bergen 2020/2021 saman med Frode Grytten Beat Band.
På sin særeigne måte kan Frode skriva kåseri etter ønskt tema eller lesa frå ein av sine mange bøker. Saman med musikarane sine skapar han den heilt spesielle beatpoesi-stemninga på ditt arrangement.
For booking av Frode Grytten kontakt: linda@stasartist.no / +47 98285108
Videoar
Galleri
Book Frode Grytten
For booking eller spørsmål, kontakt oss.
Takk for førespurnaden din!
Vi har motteke meldinga di og vil ta kontakt med deg så snart som mogleg.