Bjørn «Bamse» Willberg Andersen
God musikk og unik formidlingsevne!
Bjørn «Bamse» Willberg Andersen vart Bowie-fan i 1972. Sidan har han vore djupt fascinert av kunstnerskapen til dette rock-ikonet frå Brixton. Saman med musikarar som mellom anna Helge Lilletvedt og Frank Hovland, har dei no utvikla eit fleksibelt konsert- og underhaldningskonsept rundt David Bowies musikk, med namnet Life on Mars?. Både Willberg Andersen, Lilletvedt og Hovland har vore med på suksessforestillinga Lazarus på Den Nationale Scene.
Han og bandet «The Bewlay Brothers» nærmar seg dei ulike epokane i Bowies musikk med personlege versjonar av låtane, og tanken er å gje folk moglegheit til å kome litt nærmare Bowies kunstnarskap. Samtidig kan konseptet opplevast som eit møte med god musikk og dansebare låtar for kvar anledning.
Dei er i utgangspunktet eit standardband for skikkeleg rock ́n ́roll, men det heile kan skalerast ned til enklare samansetningar. Trio, duo, solo? Konseptet kan også presenterast så godt som heilt akustisk.
For booking av Bjørn «Bamse» Willberg Andersen kontakt: linda@stasartist.no /+47 98285108
Book Bjørn «Bamse» Willberg Andersen
For booking eller spørsmål, kontakt oss.
Takk for førespurnaden din!
Vi har motteke meldinga di og vil ta kontakt med deg så snart som mogleg.