Bjarte Hjelmeland

Bjarte Hjelmeland

Folkekjær allkunstnar med varme, musikalitet og glimt i auga

Bjarte vart tilsett ved Nationaltheatret i 1992, året etter at han gjekk ut frå Norges Teaterhøgskole som landsets yngste. Han har medverka i nesten 60 ulike teateroppsetningar gjennom åra i tillegg til ei rekke regi, film og TV-oppdrag. Dei siste åra har han regissert familiekomedien Svartnissen kjem til Bergen, og Karius og Baktus på Ole Bull Scene.

Han har spelt Hypokonderen av Moliere, Ein tenestemann for to herrar på Oslo Nye Teater og Cyrano de Bergerac på Nationaltheatret, og i Eggum-suksessen Ein Natt Forbi. Men ikkje minst har han laga og spelt tre store soloshow Gu kor gøy, I lånte fjær og JA. Vinteren 2025 kom Bjarte ut med sitt fjerde soloshow Aleine Heime, som sjølvsagt, vart stor suksess. Seksarane kom både frå presse og publikum. I tillegg har han medverka i TV-seriane Mammon, Heimebane og Livstid og han har lånt stemme til fleire animasjonsfilmar. Bjarte er lidenskapeleg oppteken av country, og gav blant anna i 2008 ut plata Bjarte Hjelmeland, spelt inn i Nashville.

I løpet av dei fire åra som teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen posisjonerte han seg som ein markant kulturleiar og ein svært populær teatersjef, både internt på teateret og hos byens publikum.

Bjarte er ein av våre absolutt mest brukte artistar, både som konferansier, songar og underhaldar. Han gjer også heile det episke verket Terje Vigen på førespurnad. Med varme og respekt sikrar han eit vellukka arrangement.

For booking av Bjarte Hjelmeland kontakt: linda@stasartist.no / +47 98285108

Videoar

Takk for førespurnaden din!

Vi har motteke meldinga di og vil ta kontakt med deg så snart som mogleg.

Interessert i ? Send oss ei melding!

Kva er 8 + 2?

Bjarte Hjelmeland
/

Søk

Bli STAS-ven!

Meld deg på nyheitsbrevet vårt og få gode tilbod, eksklusiv tilgang til førpremierar og forsalg, samt siste nytt frå Stas Artist!

Takk for at du abonnerte på nyheitsbrevet vårt!