Åse Britt Reme Jakobsen

Åse Britt Reme Jakobsen

Fløyelsmjuk røyst med ein sjeldan karisma

Åse Britt Reme Jakobsen er musikar, songar og låtskrivar, busett i Bergen. Dei siste åra har ho jobba aktivt som utøvar og har på kort tid gjort seg merka som ei sterk røyst innanfor country, blues, jazz og norsk folkemusikk.

Samarbeidet spenn breitt frå Miranda Lee Richards (Los Angeles) til Morten Abel. Ho har vore medlem og medverkande i ei rekkje band og har ein sentral vokal på Bjørn Tomrens debutalbum Bad Science Fiction (2019). Om albumet skreiv Bergens Tidende: «Med på laget har Tomren eit realt stjernelag [...], men særleg Åse Britt Reme Jakobsens nydelige, markante sangstemme gir låtane ein ekstra dimensjon».

Ho er også vokalst i det hyllekransa Chinatown Bluesband, som debutplate fekk terningkast 6 i BA og 5 i Dagsavisen. Månadsvis opptrer ho som frontfigur i husorkesteret til Bergen Bonanza, og saman med Bjørn Tomren har ho jamnlege konsertar under artistnamnet Bjørn og Britt som famnar både tradisjonell folkemusikk, country, joiking og sjeleleg pop. Før jul kvart år står ho på scenen som Dolly Rocketroll i familieførestillinga Svartnissen kjem til Bergen.

Åse Britt er perfekt til intime format som ønskjer nærleik og vakker musikk.

For booking av Åse Britt Reme Jakobsen kontakt: linda@stasartist.no / +47 98285108

Galleri

Åse Britt Reme Jakobsen

Takk for førespurnaden din!

Vi har motteke meldinga di og vil ta kontakt med deg så snart som mogleg.

Interessert i ? Send oss ei melding!

Kva er 3 + 5?

Åse Britt Reme Jakobsen
/

Søk

Bli STAS-ven!

Meld deg på nyheitsbrevet vårt og få gode tilbod, eksklusiv tilgang til førpremierar og forsalg, samt siste nytt frå Stas Artist!

Takk for at du abonnerte på nyheitsbrevet vårt!