Joakim Olsen – 5 år som komiker. Fra hammer til humor på 1827 dager

Joakim Olsen – 5 år som komiker. Fra hammer til humor på 1827 dager

Dato og tid
Fredag 8. mai 2026
kl. 19:00
Sted
Oseana
Os

Osingen Joakim Olsen inviterar til sitt aller første soloshow når han feirar fem år som komikar – på heimebane!

Tittelen på showet er ikkje tilfeldig. Før han satsa fullt på standup, jobba Joakim nemleg som snekkar. På fem år har han bytta ut verktøykassa med mikrofon – og gått frå byggeplass til nokre av landets mest etablerte humorscenar.

Joakim har opptredd på Latter, Chat Noir, Folken og Ole Bull Scene, vunne Comedy Fight Club i 2024 og delt scene med mellom andre Thomas Gjertsen, Christine Hope og Jonis Josef.

Denne kvelden blir ei «best of»-framsyning – ei feiring av dei første fem åra på scena, med høgdepunkt, publikumsfavorittar og materiale som har forma han som komikar.

SAGT OM JOAKIM:

I samband med framsyninga Julegøy på Ole Bull Scene skreiv Bergens Tidende:

«Forestillingenes høydepunkt er det derimot Joakim Olsen fra Os som står for.»

I anmeldinga av Ingen Plan B blei han omtala som:

«Ein komiker som skiller seg tydelig ut fra andre»

«Poengene og blikket hans er aldri forutsigbare»

No markerar han fem år på scena med sitt første soloshow – og gjer det der det heile starta – Os!

___

VARIGHET: om lag 75 minutt

LEDSAGARAR OG RULLESTOLAR: Ledsagarar har fri inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.no

Billetter

Kjøp billetter til denne forestillingen

Kjøp billetter →

Del forestillingen

Søk

Bli STAS-venn!

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få gode tilbud, eksklusiv tilgang til førpremierer og forsalg, samt siste nytt fra Stas Artist!

Takk for at du abonnerte på vårt nyhetsbrev!