Christoffer Schjelderup Tenker Tanker i Dalesalen
kl 18:00
Stand Up med Christoffer Schjelderup i Dalesalen!
Laurdag 17. oktober er det berre å merka av i kalenderen, først som sist. Då blir det garantert gøy på Dale!
Stanghelle Kultur og Dale Musikk har gått saman, og målet er å få folk til å le! Dalesalen må takast i bruk, folk må komma saman i høstmørket - og kva er då betre enn å henta komikaren som er rekna som Bergens morsommaste mann?
Christoffer Schjelderup er omtalt som intet mindre enn «Gudfaren av bergensk standup». Til Dale kjem han med sitt tredje soloshow, «Tenker tanker», og i det nye showet tar han publikum med inn i sitt eige kaotiske hode. Publikum får innblikk i korleis tankane hans vert forma, og kva som skjer når dei forvirra tankestrømmane hans får fritt spelerom.
Regi på showet har Vidar Magnussen, frå bla. «Side om Side».
Christoffer Schjelderup er kjent for sin underfundige, varme humor, sine skarpe observasjonar - og det vil forundra om han ikkje har nokre tankar om Dalebygda også.
Det blir sjølvsagt bar med servering.
Og husk: Vil du at det skal skje noko i lokalmiljøet - då må du delta!
Billettsal startar allereie i juli, og det er avgrensa antal billettar. Så ikkje sitt på gjerdet og risiker at du må vera heime 17. oktober, når ein fullsett Dalesal ler og kosar seg.
18 års aldersgrense. Vergeordning, minimum 15 år, ta kontakt med arrangør.
Billettar kjøper du på https://dalemusikk.hoopla.no/event/schelderupdale