Jon Hjørnevik

Jon Hjørnevik

Setjer eld på arrangementet med Noregs mest hårreisande lyrikarhelt

I år 2000 hadde Jon Hjørnevik sin scenedebut med kabareten I ein sofa frå Korea. Her var det høgtlesing av lodne og rare dikt, munnlege sleivspark og vaffelsteking med bestemor på scenekanten.
Sidan har det gått slag i slag. Heile åtte diktsamlingar med morsame dikt har det blitt, frå nettopp I ein sofa Korea (2001) til Påfuglen som trakka i møtematen (2021).

Ofte har Jon også med seg visesongaren Dagfinn Iversen på scena. Iversen har toneatt dei rare og skakke dikta med skråblikk på det meste. Her går det i alt frå shorsten til far min og pelsdyrkonsulent på frierfot til grunnfag i joik og sløydlærar som har ansvar for seksualundervisninga. Så her blir det både opplesing, forteljingar og grumsete song.

For booking av Jon Hjørnevik, kontakt: henriette@stasartist.no / +47 92665516

Book Jon Hjørnevik

For booking eller spørsmål, kontakt oss.

Takk for førespurnaden din!

Vi har motteke meldinga di og vil ta kontakt med deg så snart som mogleg.

Interessert i ? Send oss ei melding!

Kva er 2 + 4?

Jon Hjørnevik
/

Søk

Bli STAS-ven!

Meld deg på nyheitsbrevet vårt og få gode tilbod, eksklusiv tilgang til førpremierar og forsalg, samt siste nytt frå Stas Artist!

Takk for at du abonnerte på nyheitsbrevet vårt!