Anderz Eide

Anderz Eide

Kjend frå utalelege TV-seriar og ein av Noregs mest populære røyster

Anderz Eide er fødd og oppvaksen i Hålandsdalen og har arbeidd som skodespelar sidan 1998. Han har mellom anna spela Kjakan i Frode Gryttens suksessforestilling Bikubesong ved Det norsketeatret, Mercutio i Romeo & Julie på Riksteatret, Heine i Knut Nærums En himmel full av stjerner på Oslo Nye teater.

Dei siste åra har han vore å sjå i mange populære tv-seriar som bl.a Maskineriet, Øyevitne, Wisting, Svartsjøen, Lykkeland og Kampen for tilværelsen. I 2023 var han å sjå i spillefilmane Sulis 1907 regissert av Nils Gaup på kino, og Royalteen 2 på Netflix.

Anderz har dessutan ein av Noregs mest populære røyster og hans distinkte vestlandske baryton kan høyrast overalt. Han har røysta til Andy i Andys Dinoeventyr, Storeblink i Elias, Eret i Dragetreneren, Freddy i Galaxeparken og forteljaren i Plass bak på kosten og mange dokumentarfilmar. Han har lese inn fleire hundre lydböker av fleire av våre mest folkekjære forfattarar som bl.a Frode Grytten, Ragnar Hovland, Kjartan Fløgstad og Jon Fosse.

Han les også lydbok live på førespurnad. Anderz Eide les Jon Fosses Morgon og Kveld har blitt godt teken i mot på ulike kulturhus rundt om i Noreg.

Med si varme røyst og lune framtoning er han ein populær konferansier og oppleser av event.

For booking av Anderz Eide kontakt: linda@stasartist.no / 98285108

Book Anderz Eide

For booking eller spørsmål, kontakt oss.

Takk for førespurnaden din!

Vi har motteke meldinga di og vil ta kontakt med deg så snart som mogleg.

Interessert i ? Send oss ei melding!

Kva er 9 + 7?

Anderz Eide
/

Søk

Bli STAS-ven!

Meld deg på nyheitsbrevet vårt og få gode tilbod, eksklusiv tilgang til førpremierar og forsalg, samt siste nytt frå Stas Artist!

Takk for at du abonnerte på nyheitsbrevet vårt!